Ennepe
Ennepe er ei elv i nord i Sauerland i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Volme frå venstre med ei lengd på 42 km. Ho har utspring i Märkischer Kreis søraust for Halver i ei høgd på 425 meter overhavet, og renn mot Ennepetalsperre. Elva renn gjennom Gevelsberg og Hagen-Haspe og så inn i Hagen der ho munnar ut i Volme. Elva er delvis kanalisert.
Ennepe | |||
elv | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 42 km | ||
Kjelde | Sauerland | ||
• høgd | 425 moh. | ||
Munning | Volme | ||
• høgd | 100 moh. | ||
Ennepe 51°10′13″N 7°31′14″E / 51.170277777778°N 7.5205555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Ennepe |
I førindustriell tid vart det bygd møller langs elva, og på 1800- og 1900-talet vart det bygd jernverk.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Ennepe» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2007.