Sauerland er eit landleg, åslendt landskap aust i Nordrhein-Westfalen i Tyskland med djupe skogar og få innbyggjarar. Sauerland er den første staden i Tyskland der visenten eller den europeiske bisonen er gjeninnført, hovudsakleg på grunn av dei store skogane her.

Sauerland i Tyskland

Historie endre

 
Visent i Sauerland

Namnet Sauerland har ikkje opphav i det tyske ordet sauer som tyder sur, men frå det plattyske ordet sur frå mellomalderen, som tyder vanskeleg. Dette kan tyde at området var vanskeleg å reise gjennom på grunna dei mange åsane og dalane. Andre meiner at namnet har opphav i ei germansk stamme kalla sicambri, og som på tysk vart kalla Sugambrer.

Ein del av Sauerland høyrte til grevskapet Mark med sentrum i Altena, og den andre delen høyrte til Grevskapet Arnsberg, som seinare vart eigd av biskopane i Köln. Hertugdømet Limburg dekte eit lite område i den lågare delen av elva Lenne. Etter Napoleonskrigane vart heile området ein del av Preussen og den nye provinsen Westfalen, som etter den andre verdskrigen vart ein del av den nye delstaten Nordrhein-Westfalen. I dag er området delt av landkreisa Märkischer Kreis, Olpe og Hochsauerland. Dei vestlegaste områda av det hessiske landkreiset Waldeck-Frankenberg vert òg rekna som ein del av Sauerland.

Geografi endre

 
Åsar i Sauerland

I vest held åsane fram i det som ein gong var Hertugdømet Berg, i sør går dei over i Siegerland, og i nordaust til Teutoburger Wald. Dei største elvane i Sauerland er Ruhr og Lenne. Fleire mindre elvar forsvann i vassreservoar for det nærliggande Ruhr-området. Dei største av desse innsjøane er Möhne og Bigge.

Det høgaste punktet i Sauerland er Langenberg (843 m) nær Olsberg. Meir kjend er derimot Kahler Asten (842 m) nær Winterberg på grunn av vêrstasjonen som ligg her. Begge høyrer til fjellkjeda som heiter Rothaargebirge.

Byar endre

Den største byen i Sauerland er Iserlohn etterfølgt av Lüdenscheid og Arnsberg.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sauerland

Kjelde endre