Kornsjøvassdraget

(Omdirigert frå Enningdalsvassdraget)

58°54′57.571″N 11°39′18.436″E / 58.91599194°N 11.65512111°E / 58.91599194; 11.65512111 Kornsjøvassdraget (eller Enningdalsvassdraget) er ein serie sjøar i Sverige, delvis på grensa til Noreg. Vassdraget består hovudsakleg av dei tre sjøane Nordre Kornsjø, Midtre Kornsjø og Søndre Kornsjø og dessutan elvane som knyter desse saman.

Nordre Kornsjø har innløp frå Nordre og Søndre Boksjø gjennom Hallerødelva. Søndre Kornsjø renn ut i Kynne elv som knyter vassdraget til Bullaren i Tanums kommun. Til sist går vatnet via Enningdalselva tilbake til Noreg og ut i Iddefjorden.

Kornsjøane er eit populært område for kanoturistar. I prinsippet er det mogleg å ferdast heile strekninga frå Nordre Boksjø til Iddefjorden i kano, men turen stansar som oftast ved Fløtemarksøn i Søndre Kornsjø. Her går vassvegen inn i eit område som er freda i hekketida, og i andre tidsrom er vassføringa som oftast så liten at det er vanskeleg å kome fram.

Kjelder endre