Enningdalselva, òg kalla Berbyelva, ligg heilt sør i Østfold i Halden kommune. Ho renn gjennom Enningdalen, mellom Bullaren i Sverige og Iddefjorden og er om lag 13 km lang.

Enningdalselva er ein del av Enningdalsvassdraget som har kjeldene sine i Nordre- og Søndre Boksjø, og Nordre-, Midtre- og Søndre Kornsjø som ligg i grensetraktene mellom Aremark/Halden og Dals Ed i Sverige. Vidare gjennom Kynne älv og Bullaren i Sverige. Frå her renn elva som Enningdalselva til Iddefjorden. Av større sidevassdrag kjem eit frå Ørsjøen, som sluttar seg til Enningdalselva 1 km før Iddefjorden. Frå Lysevatn og Øvre Elgvann renn Elgå og renn saman med vassdraget ved riksgrensa ved Holtet. Heile vassdraget er om lag 70 km langt, med eit nedbørsfelt på 780 km². 1/3 av nedbørsfeltet er i Østfold og 2/3 i Dalsland/Bohuslän i Sverige.

Enningdalselva er kjent som ei god lakseelv, med rekordlaks på 17,7 kg(Jim Arne Olsen) og gjennomsnittsvekt på 4,5 kg.

Vassdraget vart tidlegare nytta til tømmerfløyting, møller, kverner, sagbruk, ålefiske og perlefiske. Restar av gamle demningar og fløytningsinnretningar kan ein sjå fleire stader i sidevassdraga. Òg ålefiske vart tidlegare viktig.

Elva er verna i samsvar med Verneplan IV for vassdrag.

BakgrunnsstoffEndra