Enrico Fabris (fødd 5. oktober 1981) er ein italiensk tidlegare skeiseløpar frå Asiago i Vicenza-provinsen. Han vart i 2006 europameister og olympisk meister både på 1500 meter og i lagtempo under Vinter-OL 2006.

Enrico Fabris


Statsborgarskap Italia
Fødd 5. oktober 1981 (42 år)
Asiago
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2002, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2006 – 1500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2006 – 5000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2006 – Lagtempo herrer

Utmerkingar

kommandør av Republikken Italias fortjenstorden

Anesi, Fabris og Sanfratello etter å ha vunne OL-gull i lagtempo i 2006

Aktiv endre

Helga 14.-15. januar 2006 vann Fabris europameisterskapen på Hamar framfor nordmennene Eskil Ervik og Håvard Bøkko, der han særleg imponerte med ein suveren siger på 1500 m. Det var fyrste gongen ein italiensk utøvar vann skeise-EM. Under vinterleikane 2006 på italiensk heimebane i Torino tok han bronsemedaljen på 5 000 m, deretter vann han gullmedalje i lagtempo saman med Matteo Anesi og Ippolito Sanfratello, før han på 1500 m toppa det heile med olympisk gull nummer to. Han avslutta OL-sesongen med andreplass i firkamp-VM i Calgary, bak Shani Davis frå USA.

I 2007 kom Fabris på sølvplassen både i europameisterskapen, firkamp-VM og på 5 000 m i VM enkeltløp; alle tre gongane såg han sin overmann i Sven Kramer frå Nederland. Den 10. november 2007 sette Fabris verdsrekord på 5 000 meter med tida 6.07,40 i Salt Lake City, ein rekord Kramer sletta ei veke seinare. Både i EM 2008 og VM 2009 vart Fabris tredjemann i tevlinga. Hans siste pallplassering kom under EM 2010 på Hamar, der han gav Kramer kamp om meistertittelen til han sjølv enda opp med VM-sølvet.

Fabris la opp i 2012.

Kjelder endre