Ensay i Ytre Hebridane

Ensay (gælisk Easaigh) er ei folketom øy i Sound of Harris i Ytre Hebridane i Skottland.

Ensay
Lokalt namn Easaigh
Geografi
Ensay i Ytre Hebridane is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°46′N 7°05′W / 57.76°N 7.08°W / 57.76; -7.08
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 1,86 km²

Høgaste punkt 49 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Ståande steinar

Øya ligg i Sound of Harris mellom øyane Harris og Berneray.

Taigh Easaigh

Historie

endre

Namnet kjem frå norrønt for «Søyeøya»[1] Øya har spor etter busetnader frå steinalderen med ein stor ståande stein.

Ensay House (Taigh Easaigh) vart bygd i edwardtida.[2]

Sjølv om øya ikkje har hatt permanent busetnad sidan 1930-åra, vert det vesle kapellet Christ Church vedlikeheldt og det vert halde gudstenester her regelmessig.[3] Øya vert framleis nytta til sommarbeite.

Byen Ensay i Victoria i Australia er kalla opp etter denne øya.

Kjelder

endre
  1. Iain Mac an Tailleir. «Placenames» (PDF). Pàrlamaid na h-Alba. Henta 25. februar 2010. 
  2. «Ensay». Gazetteer for Scotland. Henta 25. februar 2010. 
  3. «Harris - Christ Church». Diocese of Argyll & The Isles. Arkivert frå originalen 29. januar 2007. Henta 25. februar 2010.