Entalpi
Entalpi er definert som summen av den indre energien i eit system og trykket multiplisert med volumet til systemet. Dette kan skrivast:
der H er entalpi, U er indre energi, p er trykk og V er volum.
Entalpi er ein tilstandsfunksjon. Det vil seia at endringa i entalpi når eit system går frå ein tilstand til ein annan er uavhengig av vegen mellom tilstandane.
Når trykket er konstant, og det ikkje vert utført anna arbeid, er endringa i entalpi like varmen som vert tilført systemet.
Ein reaksjon er eksoterm når produkta har lågare entalpi enn reaktantane.