Enveloppe

(Omdirigert frå Envelope)

Enveloppe eller innhyllingskurve er i matematikk ei kurve som tangerer kvar enkelt kurve i ein familie med kurver. Ein kan tenkje seg eit punkt på enveloppen som eit skjeringspunkt mellom to «tilstøytande» kurver, altså grensa til skjeringspunkta til nærliggande kurver. Denne ideen kan generaliserast til ein enveloppe for flater i rommet, og så til høgare dimensjonar.

Konstruksjon av enveloppen til ein familie med kurver.

Kjelder endre