Eosin Hill
Eosin Hill er ein ås, 90 moh, som ligg 0,5 nautiske mil søraust for Dartmouth Point i Cumberland East Bay på Sør-Georgia. Han vart grovt kartlagd av Den svenske antarktisekspedisjonen, 1901–04, under Otto Nordenskjöld. Han vart namngjeve av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) etter ei grov kartlegging i 1951, etter det raude fargestoffet eosin. Namnet er eit av fleire i nærleiken av Dartmouth Point som kjem frå kjemiske stoff nytta i førebuinga av biologisk material samla inn der av FIDS.[1]
Eosin Hill | |||
ås | |||
Land | Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
• høgd | 90 moh. | ||
- koordinatar | 54°19′S 36°26′W / 54.317°S 36.433°W | ||
Eosin Hill 54°19′00″S 36°26′00″W / 54.3167°S 36.4333°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Eosin Hill». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 14. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Eosin Hill» (innhald frå Geographic Names Information System).