Nautisk mil
Nautisk mil (forkorta n. mil, NM eller nmi) eller sjømil[1], tidlegare kalla kvartmil, er ei måleining for lengde som blir brukt i sjø og luftfart. Ei nautisk mil er fastsett til eksakt 1852 meter, om lag lengda på eit breiddeminutt. Eininga er i Noreg tillaten inntil vidare for bruk innan sjø- og luftfart[2], men må ikkje forvekslast med SI-eininga nm.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/79/Nautic_mile_definition_v2.png/220px-Nautic_mile_definition_v2.png)
Ei nautisk mil vart opphavleg definert som omkrinsen til Jorda (40 000 kilometer) delt på 360 grader og deretter på 60 (minutt). Ei nautisk mil tilsvarar om lag avstanden nord-sør langs eit breiddeminutt.
meter.
Ei kvartmil, som er omtrent like lang som ei nautisk mil, er firedelen av den eldre måleininga sjømil eller geografisk mil, som er på 7 421 meter.
Tidlegare vart ei nautisk mil òg definert lik eit distanseminutt eller ekvatorminutt.
Referansar
endre- ↑ «Bokmålsordboka | Nynorskordboka», ordbok.uib.no, henta 1. juli 2020
- ↑ FOR 2007-12-20 nr 1723: Forskrift om målenheter og måling, § 2-9. Enheter som er definert uavhengig av SI-enhetene, Lovdata.