Epigon, frå epigonane gresk epigonoi d.e. 'etterkommarar' av epi, 'etter', og gonos, 'fødsel') er i greske segner sønene av dei sju hovdingane som under leiing av Adratos og Polyneikes fall i striden mot Tebai. Ti år etter nederlaget gjorde desse sønene eit nytt felttog, og øydela byen. Desse epigonane var

  • Alkmaion og Amphilochos, søner av Amphiaraos
  • Aigialeus, son av Adrastos
  • Diomedes, son av Tydeus
  • Promachos, son av Parthenopaios
  • Sthenelos, son av Kaponeus
  • Thersandros, son av Polyneikes
  • Euryalos, son av Mekisteus.

Dette felttoget inspirerte tidleg grekarane til episk dikting, og epigonane vart avbilda på støtter i tempelet i Delphi.

Sidan vart nemninga epigonane nytta om kongane som etterfølgde Alexander den store.

Moderne tyding endre

Innan vitskap, kunst og litteratur vert ordet epigon nytta om ein personar som etterliknar store førebilete utan sjølv å greie å skape noko nytt. Omgrepet «drive epigoneri» er òg nytta meir avgrensande om personar som dreg nytte av det som er skapt av personar i tidlegare slektsledd.

Kjelder endre