Epistel (av gresk epistolē, brev, bodskap) er ei nemning for dei nystestamentlege breva.

Nemninga vert spesielt nytta om brevtekstene som vert lesne i gudstenesta. I Den norske kyrkja vert det gjennom dei autoriserte tekstrekkene vald ut ein epistel for kvar sundag i kyrkjeåret. Ved nokre høve kan det verte preika over ein episteltekst i høgmessa; tidlegare vart det berre preika over epistlane i aftansongen.