Eric Rigler
Eric Rigler er ein USA-amerikansk sekkepipe- og tinnfløytespelar. Han har spelt som soloartist og med bandet Bad Haggis, og har spelt musikk for fleire filmar.[1] Han har blitt skildra som «den mest innspelte sekkepipespelaren gjennom tidene».[2] Han har spelt alle former for sekkepiper og tinnfløyter sidan han var barn, både solo, i sekkepipeband og andre grupper.
Eric Rigler | |||
Eric Rigler på scenen i 2012 | |||
Fødd | 1959 (65 år) | ||
---|---|---|---|
Fødenamn | Eric Rigler | ||
Sjanger | Folk, keltisk, keltisk rock | ||
Instrument | sekkepipe, tinnfløyte | ||
Tilknytte artistar | Young Dubliners, Bad Haggis, Alasdair Fraser, Skyedance | ||
Verka som | Musikar |
Han har spelt på filmmusikken til mange filmar, som Titanic, Million Dollar Baby, Road to Perdition, Braveheart, Cinderella Man, Robots, Austin Powers: The Spy Who Shagged Me, The Prince of Egypt og Master and Commander: The Far Side of the World.
Rigler spelte «Amazing Grace» i gravferda til den tidlegare amerikanske presidenten Ronald Reagan i 2004.[1]
Han har stundom spelt i det Los Angeles-baserte rockebandet The Young Dubliners.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eric Rigler» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Eric Rigler
- ↑ CD Baby: BADHAGGIS: Ark, arkivert frå originalen 7. februar 2007, henta 6. juni 2018