Forunderleg, eit vrak som meg

(Omdirigert frå Amazing Grace)

«Forunderleg, eit vrak som meg» er Edvard Hoems gjendikting av salmen «Amazing Grace», ein av dei mest populære salmane i den engelskspråklege verda. Originalteksten vart skriven av John Newton i 1773 og først gjeven ut i 1779.

Førsteutgåva av «Amazing Grace» i Olney Hymns frå 1779.

«Amazing Grace» er omsett til mange språk. I den svenske salmeboka frå 1986 er han trykt med tittelen «Oändlig nåd mig Herren gav», i Norsk salmebok står han med tittelen «Kom, kom og hør et gledens bud», med norsk tekst av Bodvar Schjelderup (1973). Edvard Hoems omsetjing frå 1990 er brukt i Salmer 1997, der salmen står som nr. 61. I Norsk salmebok 2013 er Trygve Bjerkrheim si omsetjing «Å nåde underfull og stor» vald saman med den engelske teksten (nr. 342).

Den vanlegaste melodien for «Amazing Grace», framført av United States Air Force Ceremonial Brass.
Noter og tekst til opninga av «Amazing Grace».

Den mest brukte tonen er henta frå Virginia Harmony (1831) utgjeven av William Walker. Han er pentatonisk, og har røter i skotsk eller irsk folkemusikk. Tonen blir òg tilskriven James P. Carrell og David S. Clayton.

Teksten endre

Teksten skal ta utgangspunkt Davids takkebøn, slik ho er gjengitt i Fyrste krønikebok 17,16-17.[1]

1. vers etter John Newton
(Olney Hymns, 1779)

Amazing grace! (how sweet the sound)
That sav’d a wretch like me!
I once was lost, but now am found,
Was blind, but now I see.

Norsk omsetjing av 1. vers
Edvard Hoem i Salmer 1997

Forunderleg, eit vrak som meg
Kan nådens kalling nå!
Eg var fortapt, men fann ein veg.
Eg som var blind kan sjå.

Svensk omsetjing,
Anders Frostenson 1983.

Oändlig nåd mig Herren gav,
Och än i dag mig ger.
Jag kommit hem, jag vilsen var,
Var blind, men nu jag ser,

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Forunderleg, eit vrak som meg ved Wikisource.

Referansar endre

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.