Erik Amundsson Frostad

Erik Amundsson Frostad (18. desember 17532. mai 1831) var ein treskjerar og klokkar, opphavleg frå Nord-Fron i Oppland. Han var først skulehaldar 20 år i Kvam i Oppland, ei tid underklokkar og. Frostad var treskjerar attåt, mellom anna skar han ut ein av englane under korbogen i Kvam kyrkje. I Kvam budde han på bruket Klomstadøyen, som heilt vart teken ut av Storofsen i 1789, seinare brukte han garden Frostad i fire år. I april 1794 kom han som klokkar til Stange i Hedmark, ei stilling han røkta mest livet ut. Han budde på klokkargarden Vestre Hommerstad.

Erik Amundsson Frostad
Fødd 18. desember 1753
Død

2. mai 1831 (77 år)

Yrke treskjerar

Kjelder endre

  • Ivar Kleiven:Fronsbygdin. 1930.
  • Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.
  • Stange bygdebok.