Nord-Fron kommune

kommune i Innlandet fylke i Noreg
(Omdirigert frå Nord-Fron)

Nord-Fron er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord til Sel, i aust og sør til Sør-Fron, i sør til Gausdal og Øystre Slidre og i sørvest til Vågå. Ein person frå Fron vert kalla frøning.

Nord-Fron kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Vinstra
Areal 1 141 km²
 - land 1 099 km²
 - vatn 42 km²
Folketal 5 586  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Anne-Marie Olstad (Ap)
Kommunenr. 3436
Kart
Nord-Fron kommune
61°35′44″N 9°44′53″E / 61.595555555556°N 9.7480555555556°E / 61.595555555556; 9.7480555555556
Wikimedia Commons: Nord-Fron
Nettstad: [http://www.nord-fron.kommune.no www.nord-fron.kommune.no

Tettstaden Vinstra som ligg i kommunen fungerer som regionalt utdannings og handelssenter. På Vinstra blir det også arrangert ymse festivalar, med Peer Gynt-stemnet som det største arrangementet.

Litt lenger nord i kommunen finn vi tettstaden Kvam.

Kultur og idrett endre

Gudbrandsdal krigsminnesamling ligg i Kvam.

I den vesle fjellbygda Skåbu har dei eit lokalt idrettslag med namn STEIL . STEIL er ei forkorting for Skåbu Tverrbygda Espedalen Idrettslag. Dei driver blant anna med langrenn og hundekøyring. I mars 2007 arrangerte Nord-Fron og STEIL i samarbeid med Asker Trekkhundklubb EM og NM i hundekøyring.

Utdanning endre

Vinstra vidaregåande skule ligg på Vinstra.

Folk frå Nord-Fron endre

Bilete frå Nord-Fron endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.