Erik Børresen

norsk politikar

Erik Andreas Børresen (17. september 178514. januar 1860) var ein kjøpmann, skipsreiar og stortingsmann frå Bragernes.

Erik Børresen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. september 1785
Bragernes
Død

14. januar 1860 (74 år)
Drammen kommune

Yrke politikar, reiar, forretningsdrivande
Språk norsk
Erik Børresen på Commons

Børresen var fødd på Bragernes, son til ein skipper. Han var i lang tid kjøpmann, trelasthandlar og skipsreiar på Bragernes. Skipa hans segla på alle hav. Børresen var gjennom ein menneskealder ein av dei leiande menn i Drammen, og gjekk under tilnamnet «Kong Erik». Under særlege høve, som ved kongebesøk, gjorde huset hans teneste som festlokale.[1] Storparten av hans 150 000 spesiedalar store formue testamenterte han til allmennyttige formål; «fornemmelig til en stiftelse for ugifte damer og en opdragelsesanstalt for fattige forældreløse barn dersteds».[2]

Børresen representerte Drammen på Stortinget i 1827, der han var medlem av komiteen om handel og næringsfridom, samt komiteen om reglement for borgarvæpninga. Han møtte ikkje på omframtstortinget 1828, ettersom røysteretten hans var suspendert då han var knytt til den såkalla Hettingsaka. Børresen var Drammen sin tredje-representant til Stortinget 1845, men heldt seg heime grunna sjukdom.

Han døydde i Drammen i 1860.

Notar endre

  1. Gyldendals store konversasjonsleksikon
  2. Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kjelder endre