Drammen kommune
Drammen (òg kalla Dramn) er ein bykommune i Viken fylke. Byen Drammen ligg på begge sider av Drammenselva der ho munnar ut i Drammensfjorden. Drammen hamn er ei naturleg hamn som har vorte brukt sidan vikingtida.
Drammen kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Adm.senter | Drammen | ||
Areal | 317,68 km² | ||
- land | 309,18 km² | ||
- vatn | 8,5 km² | ||
Folketal | 103 291 (1. januar 2023) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Monica Myrvold Berg (Ap) | ||
Kommunenr. | 3005 | ||
![]() Drammen kommune | |||
Wikimedia Commons: Drammen | |||
Nettstad: www.drammen.kommune.no | |||
Bragernes på nordsida av Drammenselva og Strømsø-Kobberviktangen på sørsida av elva vart gjeve ein faktisk, men ikkje formell status som ladestadar i eit kongebrev frå 1636. Desse to ladestadane fekk i 1715 rettar som kjøpstadar kvar for seg. Kjøpstaden Drammen vart skipa i 1811 ved at Bragernes og Strømsø vert slege saman, og dette er rekna som grunnlegginga av den noverande byen Drammen. Stiftamtmann, statsråd og lagtingspresident Marcus Gjøe Rosenkrantz (1762-1838) var ein av dei som tok initiativet til å slå saman Bragernes og Strømsø til Drammen i 1811, og difor fekk Rosenkrantzgata i dei noverande administrative bydelane Bragernes og Åssiden namn etter han i samband med at byen vart hundre år i 1911. Den 1. januar 2020 slo Drammen, Svelvik og Nedre Eiker seg saman til nye Drammen kommune.[1]
Drammen kommune har Lier, Asker og Øvre Eiker. Tettstaden Drammen har difor 111 036 innbyggjarar per 1. januar 2017 og er dermed den femte største i Noreg.
103 291 innbyggjarar, men byen har vakse slik at han strekker seg inn i nabokommunaneNamnet endre
Namnet er ei forvansking av det gamle namnet «Drafn», som var namnet på den inste delen av Drammensfjorden, 'fn'-leddet har som på dei fleste plassane austafjells blitt til 'mn'. Vidare har det blitt sett inn ein vokal for å forenkle uttalen av 'mn'-leddet.
Utdanning endre
Institusjonar endre
Kjende drammensarar endre
- Hanna Winsnes (1789-1872)
- Johan Halvorsen (1864-1935), komponist
- Sigurd Christiansen (1891-1947), forfattar
- Triztán Vindtorn (1942-2009), lyrikar
- Tor Bomann-Larsen (f. 1951), teiknar og forfattar
- Kim Christiansen (f.1976), snøbrettkøyrar
- Johann Olav Koss (f. 1968), skøyteløpar
- Charles Mathiesen (1911-1994), skøyteløpar
- Sten Einar Stensen (f. 1947), skøyteløpar
Kjelder endre
- ↑ «Forskrift om sammenslåing av Drammen kommune, Nedre Eiker kommune og Svelvik kommune til Drammen kommune, Buskerud og Vestfold - Lovdata», lovdata.no, henta 2. januar 2020