Erik Artur Salvén (8. mai 188919. juli 1980) var ein svensk kunsthistorikar og museumsmann.

Erik Salvén
Fødd8. mai 1889
Högsjö socken
Død19. juli 1980
Hedvig Eleonora församling
NasjonalitetSverige
Yrkekunsthistorikar, antikvar
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Salvén var son av presten og redaktøren Arvid Salvén. Han tok studenteksamen ved Härnösands högre allmänna läroverk i 1910, filosofisk kandidateksamen ved Göteborgs högskola1915 og filosofi licentiatexamen på Stockholms högskola i 1918. Han tok filosofisk doktorgrad i 1923 med ei avhandling om Skogbonaden, blei amanuensis ved Statens historiske museum same året og blei tilsett ved Härnösands museum i 1924. Handrog på studiereise til Tyskland, Italia, Hellas, Tyrkia og Austerrike i 1924.

Salvén var landsantikvar i Hallands län og intendent ved Hallands Museum i Halmstad 1928-1954. Han blei korrekturlesar ved Musikhistoriska museet i 1939.

Salvén leia konservasjonsarbeidet ved fleire kyrkjer: Trönö gamle kyrkje, Ramsele gamle kyrkja, Alnö gamle kyrkje, Ragunda gamle kyrkje, Skogs kyrkje, Liden v kyrkje, Hanhals kyrkje og S:t Olofs kapell i Tylösand.

I 1951 blei Salvén vald inn i Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien. Han blei òg riddar av Nordstjärneordenen og Vasaordenen.

Kjelder

endre