Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, òg kalla Kungliga Vitterhetsakademien og avstytta til KVHAA (ofte omtala berre som Vitterhetsakademien), vart skipa i 1753 av dronning Lovisa Ulrika og gjeve namnet Kongliga Svenska Vitterhets-academien.

Rettigska huset i Villagatan 3 i Stockholm er Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademiens tilhaldsstad.

Kongliga Svenska Vitterhets-academien skulle vere ein humanistisk parallell til Kungliga Vetenskapsakademien, som var skipa i 1739, og etter kvart hadde konsentrert seg om å fremje naturvitskap og matematikk, og styrke dessa faga si stilling i samfunnet. Vitterhet er eit gamalt svensk ord for humanistisk danning, poesi, skjønnlitterær prosa og retorikk, og ordet er idag så å seie berre nytta i samband med Vitterhetsakademien og dets verksemd. Det noverande namnet, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, fekk akademiet i 1786 under kong Gustav III, som gjenoppretta det, og dessutan samstundes skipa Svenska Akademien, som mellom anna har som årleg oppgåve å peike ut den som skal få Nobelprisen i litteratur.

Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien har som føremål «att främja forskning och annan verksamhet inom humanistiska, religionsvetenskapliga, rättsvetenskapliga och samhällsvetenskapliga discipliner samt kulturmiljövård». Dette vert framfor alt gjort ved økonomisk stønad og ved publiseringsverksemd, mellom anna ved å utgje tidsskriftet Fornvännen og andre skriftstykke. Ansvarsområdet har vorte utvikla til å femne om heile det humanistiske vitskapsfeltet i breiaste meining, inkludert religionsvitskap, rettsvitskap, samfunnsvitskap og kulturmiljø. Etter ynske frå regjeringa eller offentleg styresmakt, eller på eige initiativ, gjev akademiet uttale i spørsmål som ligg under dei fagområda det har å gjere med.

Akademiet eig og har verksemd på Stjernsunds slott i Askersunds kommun i Närke, Skånelaholms slott i Sigtuna kommun i Uppland, Stensjö by, ei kulturhistoriskt verdfull grend om lag ei mil nord for Oskarshamn i Kalmar län i Småland, og Borgs by på Öland, og har eit offentleg vitskapleg spesialbibliotek, Vitterhetsakademiens bibliotek, som ligg under Riksantikvarieämbetet (den svenske Riksantikvaren), og som er ope for ålmenta.

Akademiet har frå 1970-talet hatt tilhald i det såkalla Rettigska huset i Villagatan 3 på Östermalm i Stockholm etter å ha fått det i gåve frå Herbert Rettig (død 1962) og hustru. Sitt fyrste møte i dette huset hadde Akademiet i desember 1973. Huset er frå 1878-79, bygd som einebustad i klassisistisk stil, og kom i familien Rettigs eige i 1899.

Organisasjon endre

Talet på medlemar i akademiet er avgrensa til tretti arbeidande medlemar fordelt på ei historisk-antikvarisk klasse og ei filosofisk-filologisk klasse, og i tillegg inntil ti æresmedlemar og eit uavgrensa tal svenske og utanlandske «korresponderande medlemar». Ein arbeidande medlem held fram i akademiet som emeritus eller emerita etter fylte 70 år, samstundes som ein ny arbeidande medlem veljast til avløysing for vedkomande. På den måten har akademiet for tida kome opp i over 100 medlemar.

Akademiet har ei årleg høgtideleg samkome 20. mars, der det vert delt ut diplomar, prisar, medaljar og heidersteikn, mellom anna Gad Rausings pris för framstående humanistisk forskargärning, Ann-Kersti och Carl-Hakon Swensons pris og Rettigska priset. Dessutan vert delt ut mellom anna Akademiens Gustaf Adolfmedalj etter godkjenning av kongen, Akademiens förtjänstmedalj i gull, Akademiens jetong i gull, Antikvariska medaljen i sølv og Inskriftsmedaljen i sølv.

Bakgrunnsstoff endre