Erik Stai
Erik Sverre Stai (29. november 1915–4. mars 2004) var ein høgdehoppar frå Oslo. Han var medlem i IF Vestheim.
Erik Stai | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. november 1915 |
Død | 4. mars 2004 (88 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | EM i friidrett 1938 |
Stai var noregsmeister i høgdehopp 1938 og 1939. Under EM i friidrett 1938 i Paris vart han fjerdemann med eit hopp på 1,90 meter. 1. september 1940 sette han norsk rekord på Bislett stadion då han som fyrste nordmann svinga seg over 2,00 meter. Han runda 30 år då idrettstevlingane kom i gong att etter verdskrigen var over, dermed enda han opp med ein bronsemedalje i NM 1947 og sølvmedalje i NM 1950.