Kurfyrstedømet Köln
Kurfyrstedømet Köln (tysk Kurfürstentum Köln eller Kurköln) var eit geistleg fyrstedøme i Det tysk-romerske riket og eksisterte frå 900-talet til tidleg på 1800-talet. Det bestod av dei tidmessige områda til det romersk-katolske erkebispedømet Köln (tysk Erzbistum Köln). Det var styrt av erkebiskopen i stillinga hans som kurfyrste i riket. Houvstaden i kurfyrstedømet var Köln (fram til 1288) og så Bonn. Det vart sekularisert i 1803 under den tyske mediatiseringa.
Erzstift und Kurfürstentum Köln eller Kurerzstift Köln Kurfyrstedømet Köln | |||||
Stat i Det tysk-romerske riket Kurfyrstedøme | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Kart over nedre Rhinen kring 1560, Kurfyrstedømet Köln med hertugdømet Westfalen i raudt | |||||
Hovudstad | Köln (fram til 1288) Bonn (1597) | ||||
Styreform | Teokrati | ||||
Historisk periode | Mellomalderen | ||||
- Bispedøme oppretta | Romarriket | ||||
- Opphøgd til erkebiskopdøme | kring 450 | ||||
- Bruno I erkebiskop | 953 | ||||
- Erkekanslar av Italia | 1031 | ||||
- Köln gjort til fri keisarby | 1288 | ||||
- Vart med i Den kur-rhinske rikskrinsen | 1512 | ||||
- Tysk mediatisering | 1803 |
Historie
endreKöln er den gamle romerske byen Colonia Agrippina og har hatt bispesetet sidan romartida. I 953 var første gongen erkebiskopane av Köln fekk nemneverdig sekulær makt, då biskop Bruno vart utpeikt som hertug av broren sin keisar Otto I. For å svekke den verdslege adelen, som truga makta hans, gav Otto Bruno og etterkomarane hans på bispesetet forrettar føre dei verdslege prinsane. Dette var byrjinga på kurfyrstedømet Köln. Det bestod av områda til erkebiskopen og omfatta til slutt ei landstripe mellom venstrebreidda av Rhinen aust for Jülich, i tillegg til hertugdømet Westfalen på den andre sida av Rhinen, bortanfor Berg og Mark.
Mot slutten av 1100-talet vart rettane til velje den tysk-romerske keisaren avgrensa til fire verdslege og tre geistleg fyrstar, av dei erkebiskopen av Köln. I tillegg ti å vere kurfyrste, var han erkekanslar av Italia i tillegg, teknisk sett frå 1238 og permanent frå 1263 fram til 1803. Etter slaget ved Worringen i 1288 vart Köln sjølvstendig får erkebiskopane og vart ein fri keisarby. Residensen til erkebiskopen vart derfor flytta til Bonn.
Under 1500-talet konverterte to erkebiskopar i Köln til protestantisme. Den første, Hermann von Wied, sa frå seg erkebispestillinga då han konverterte, men Gebhard Truchsess von Waldburg som konverterte til kalvinismen i 1582, prøvde å sekularisere erkebispedømet. Han gifta seg i februar året etter og då han nekta å sei frå seg territoriet, vart den konkurrerande erkebiskopen og kurfyrsten Ernst av Bayern valt. Paven betalte italienske og spanske leigesoldatar, bayerane sende ein arme, medan dei protestantiske nederlandske statane prøvde å halde kalvinisme i kurfyrstedømet. Kölnerkrigen øydela det meste av økonomien i kurfyrstedømet. Mange landsbyar og byar vart kringsette og øydelagde. Omleiringa av Godesberg i november–desember 1583 enda med at Godesburg-borga vart øydelagd og dei fleste av innbyggjarane massakrerte. Etter fleire kringsetjingar, gav den protestantiske utfordraren, som vart vald i 1579, opp kravet sitt om stillinga og trekte seg attende til Strasbourg med kona si. Ei arme frå Bayern sette så broren til hertugen av Bayern, Ernst som erkebiskop - den første suksessrike motreformasjonen i Tyskland. Under retninga hans vart gjeninnførte jesuittar katolisismen i kurfyrstedømet. Fram då og fram til midten av 1700-talet, gjekk erkebispedømet i røynda til den nest eldste i Wittelsbach-familien i Bayern. Erkebiskopen i denne perioden heldt som regel òg bispedømet Münster (og ofte bipsedømet Liège), og var ein av dei viktigaste fyrstane nordvest i Tyskland.
Etter 1795 vart områda til kurfystedømet på venstresida av Rhinen okkupert av Frankrike og formelt annektert i 1801. Reichsdeputationshauptschluss frå 1803 sekulariserte resten av erkebispedømet og gav hertugdømet Westfalen til landgrevskapet Hessen-Darmstadt. Köln vart derimot gjenoppretta som setet for ein katolsk erkebiskop i 1824 og har vore eit erkebispedøme fram til i dag.