Erkki Antila

Erkki Lauri Johannes Antila (fødd 14. juli 1954) er ein finsk tidlegare skiskyttar frå Jurva i Kurikka. Han tok to individuelle VM-medaljar i 1981 og dessutan to VM-sølv i stafettøvinga.

Erkki Antila
Fødd 14. juli 1954 (68 år)
Jurva
Yrke skiskyttar

AktivEndra

Antila gjekk for det finske laget som fekk sølvmedalje på 4x7,5 km stafett under VM i skiskyting 1977 på Vingrom, einast slått av Sovjetunionen. To år seinare kopierte eit nytt finsk stafettlag prestasjonen under VM 1979 i Ruhpolding, også då med Antila på laget. Etter at han under vinter-OL 1980 i Lake Placid hadde blanda seg inn i medaljekampen på 20 km, gjorde han sitt beste meisterskap i Lahti i 1981. Her tok han bronsemedaljen på 20 km, og sidan sølvmedaljen på 10 km.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskapEndra

Langrennaren Hilkka Riihivuori er syskenbarnet hans.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar