Erlend Østgaard

norsk fysikar

Erlend Østgaard (fødd 28. august 1938 i Namsos) er ein norsk fysikar.

Erlend Østgaard
Fødd28. august 1938
Namsos
Yrkefysikar
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Han tok dr. ing. i 1965 og dr. techn. i 1970 ved NTH i Trondheim. Han var NORDITA-stipendiat ved Niels Bohr Institutet i København frå 1965 til 1967 og forskar ved universitet i USA og Tyskland frå 1967 til 1972. Frå 1972 til 1991 var han førsteamanuensis ved Universitetet i Trondheim og frå 1991 var han professor i fysikk same stad.

Østgaard har arbeidd med kvantisert skildring av væsker og faste stoff, som spinnpolarisert hydrogen, fast og flytande helium, materie i atomkjernar, nøytronstjerner og kvarkstjerner. Han har òg studert mekanismar for korleis pulsarar sender ut røntgenstråling og gravitasjonsbølgjer.

Kjelder endre