Erlend Bjøntegaard

Erlend Øvereng Bjøntegaard (fødd 30. juli 1990) er ein norsk skiskyttar, fødd på Kongsberg. Han vart norsk meister 2018 i fellsstart-tevlinga, og har tre individuelle pallplasseringar i verdscupen i skiskyting. Også far hans, Sigvart Bjøntegaard, deltok internasjonalt i skiskyting.

Erlend Bjøntegaard


Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juli 1990 (33 år)
Q20077936
Idrett skiskyting
Tok del i

VM i skiskyting 2019, EM i skiskyting 2022, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart menn

Erlend Bjøntegaard til venstre, på pallen i Tjumen saman med Maksim Tsvetkov og Johannes Thingnes Bø

Aktiv endre

Erlend Bjøntegaard debuterte i verdscupen i skiskyting i Östersund i november 2012, der han overraska med ein sjuandeplass på 20 km. Dei komande åra sleit han med å markere seg mellom sterke nasjonale skiskyttarar som Ole Einar Bjørndalen, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø. I si fyrste internasjonale meisterskapstevling, 7,5 km under verdsmeisterskapen på heimebane i 2016, mislukkast Bjøntegaard fullstendig.

OL-sesongen 2018 viste Bjøntegaard meir stabilt toppnivå, så ved to høve kunne han klive opp på pallen etter individuelle verdscup-tevlingar. I januar vart han nummer tre i fellesstarten i Antholz, før han i Tjumen, i sesongens siste verdscuprenn kom på andreplass, også det i fellesstart. Under vinterleikane i Sør-Korea vart han femtemann i sprinttevlinga. På tampen av vinteren 2018 vart han på Lillehammer noregsmeister, etter å ha vunne fellesstarten framom Johannes Thingnes Bø og bronsemedaljør Alexander Os. I 2019-sesongen vart Bjøntegaard nest best på sprinten i verdcsupen i Antholz, einast landsmannen Johannes Thingnes Bø gjekk fortare. Under VM i skiskyting 2019 i Östersund starta Bjøntegaard opp med ein sjuandeplass på 7,5 km, resten av meisterskapen hamna han lengre ned på resultatlistene.

Kjelder endre