Kongsberg

by i Noreg

Kongsberg er ein by og administrasjonssenteret i Kongsberg kommune i Viken. Byen ligg langs Numedalslågen nedst i Numedal, og er ein gammal bergstad. Byen har 21 890 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Kongsberg
By
Kongsberg Vestsida.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken
Kommune Kongsberg
Areal 12,87 km²
Folketal 21 890 (2017)
Folketettleik 1 701 / km²
Innbyggjarnamn kongsbergensar
Preposisjon Kongsberg

Kongsberg
59°40′25″ N 9°38′53″ E
Wikimedia Commons: Kongsberg

HistorieEndra

Kong Kristian IV grunnla byen Konningsberg og eit kongeleg sølvverk i 1624 etter at ein hadde funne sølv der. Det var visstnok barna Jacob Grosvold og Helga Værp som oppdaga sølvet ein sommardag dei var ute og geita eit år tidlegare. Til Kongsberg Sølvverk henta kongen tyskarar frå sølvgruvene i Sachsen og Harz. I tillegg kom det tyskarar frå andre gruver i Noreg.

Folketalet voks raskt, og Kongsberg var på eitt tidspunkt den nest største byen i Noreg etter Bergen. Innbyggjartalet både auka og minka i takt med ned- og oppgangstider i sølvverket.

Kongsberg hadde den første høgskulen i Noreg, som òg var den første i Europa innan bergverk. I dag har byen ein høgskule i tillegg til videregående skular og grunnskular.

KulturEndra

Kongsberg har mange festivalar, som til dømes Glogerfestspela. Kongsberg Jazzfestival har vore arrangert kvart år frå 1964. Musikkhuset EnergiMølla er Kongsberg si musikk- og kultur-scene. Her arrangerer fleire av kulturforeningane i byen førestillinger året rundt.

Folk frå KongsbergEndra

KjelderEndra

  1. «Salmedikter Svein Ellingsen er død». www.abcnyheter.no (norsk). 5. april 2020. Henta 5. april 2020.