Erlend Mamelund
Erlend Mamelund (fødd 1. mai 1984) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bærum. Han vart både noregsmeister og seriemeister med Haslum HK og vann EHF-cupen 2008 for tyske Nordhorn. Mamelund var rykkromspelar, deltok i 137 landskampar for Noreg og skåra 354 mål.
Erlend Mamelund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mai 1984 (40 år) Lørenskog |
Idrett | handball |
Mamelund spelte på Haslum HK frå 2001. Med klubben frå Bærum vann han både eliteserien og i 2004 cupfinalen. I 2007 flytta han til tyske Nordhorn-Lingen, ein klubb som sigra i EHF-cupen 2008. Vårsesongen 2009 gjorde han teneste i Flensburg-Handewitt, deretter fylgde ein sesong og dansk cupsiger med FC København.
Frå 2010 til han la opp i 2018 var Mamelund aktiv i Haslum i tre åtskilde bolkar. I sesongen 2010/11 vart han cupmeister og seriemeister med Bærums-laget, samt toppskårar i eliteserien med 185 mål. Han og laget tok ein ny cuptriumf sesongen etter, dessutan vart han kåra til årets spelar 2012 i Noreg. Haustsesongen 2012 hadde han kontrakt med franske Montpellier AHB. Frå januar 2013 til våren 2015 var Mamelund atter Haslum-spelar, i 2014 toppskårar i eliteserien for andre gong. Sesongen 2015/16 spelte han for tyske THW Kiel. Til sist var Mamelund 2016-18 Haslum-spelar atter ein gong.
Mamelund fekk sin landslagsdebut i juli 2005. Før han i april 2016 deltok i sin siste landskamp, var han med i Noregs landslagstropp til EM 2010, 2012, 2014, og til VM 2011 og VM 2016.
Merittar
endre- Vinnar av EHF-cupen: 2008 med Nordhorn
- Noregsmeister: 2004, 2010, 2011
- Norsk seriemeister: 2005, 2011
- Dansk cupmeister: 2010 med FC København
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Erlend Mamelund» frå Wikipedia på tysk, den 21. april 2021.
- handball.no