Bærum kommune

kommune i Akershus fylke i Noreg
(Omdirigert frå Bærum)
Bærum kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Sandvika
Areal 192,29 km²
 - land 189,24 km²
 - vatn 3,05 km²
Folketal 130 921  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Lisbeth H. Krog (H)
Kommunenr. 3201
Kart
Bærum kommune
59°56′18″ N 10°30′24″ E
Wikimedia Commons: Bærum
Nettstad: www.baerum.kommune.no

Bærum er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen har i sørvest grense til Asker og Lier, i nordvest til Hole og Ringerike, i nordaust til Oslo med mellom anna Lysakerelva som grense, og i søraust til Nesodden kommune med grense i Oslofjorden. Kommunen har kystline mot Oslofjorden, og fleire av øyane i fjorden ligg til kommunen.

Bærum rådhus i Sandvika.

Namnet på kommunen kjem av norrønt Bergeimr eller Bergeimsherað, som truleg har vore eit bygdenamn, samansett av berg og heim. Kommunevåpenet syner ei stilisert utgåve av ein gamal kalkbrenningsomn av det slaget som står restaurert og freda på Brønnøya i Asker kommune, og har å gjere med at kalkbrenning var ei viktig verksemd i Bærum i tidlegare tider.

Til liks med grannekommunane Asker og Oslo er mesteparten av kommunen skog og utmark som for det meste høyrer til det administrative området som har nemninga Oslomarka; berre ein firedel av arealet er rekna som tettbygd. Arbeidsplassane ligg for det meste attmed fjorden på strekninga frå Lysaker på grensa til Oslo og sørvestover til og med Sandvika, med mellom anna ein konsentrasjon i og i kring Lysaker og på det nedlagde flyplassområdet Fornebu på halvøya Snarøya.

Administrasjonssentrum i kommunen er Sandvika, ein tettbygd stad med bystatus i den sørvestre luten av kommunen. Her ligg òg fleire statlege institusjonar som er sams for Asker kommune og Bærum kommune, som til dømes hovudkontoret for Asker og Bærum politidistrikt, Asker og Bærum tingrett, Sykehuset Asker og Bærum, likningskontor osb. Dei to kommunane Bærum og Asker har elles gått saman om slike kommunale oppgåver som brannstell og vassforsyning. Saman med Asker og Oslo høyrer Bærum inn under Oslo bispedøme av Den norske kyrkja.

Aust i Bærum ligg Ila fengsel, forvarings- og sikringsanstalt, som under den tyske okkupasjonen under den andre verdskrigen vart kjend som krigsfangelægeret Grini.

Samferdsle endre

Grinibrua mellom Oslo og Bærum
Lysakerelva på Lysaker. Bærum til høgre i fotoet, Oslo til venstre.
Foto: Kjetil Ree
Kolsåstoppen
Foto: Chell Hill

Europavegen E 18 på strekninga frå Oslo til Drammen går gjennom Bærum som firefelts og til dels seksfelts veg, og er i Sandvika knytt saman med europaveg E 16 mot Hønefoss og over til Vestlandet. Jarnbanene Drammensbanen og Askerbanen går likeeins gjennom Bærum, og tettstadene i aust er knytt til T-banenettet i Oslo med ei line til Østerås og ei til Jar og Bekkestua. Jar og Bekkestua er òg knytt til trikkenettet i Oslo over Lilleakerbanen.

Venskapsbyar endre

Kjende personar frå Bærum kommune endre

Sjå òg Folk frå Bærum.

Bakgrunnsstoff endre