Erlenmeyerkolbe

konisk kolbe med sylindrisk hals

Ein erlenmeyerkolbe eller e-kolbe er ein kolbe av glas eller plast som ofte vert nytta på laboratoriet. Kolben har flat botn, konisk buk og smal eller brei sylinderhals. Det finst modellar både med og utan skrukork, med hette, og med hylse for propp, kork og anna sliputstyr. På sida er det ofte merkt av ein grov skala for volum. Erlenmeyerkolben er oppkalla etter den tyske kjemikaren Emil Erlenmeyer.

Den smale halsen gjer at fordampinga vert mindre enn frå til dømes eit begerglas.

Bruk endre

 
Erlenmeyerkolbe brukt ved titrering

Erlenmeyerkolbar vert gjerne nytta under titrering, derav namnet titrerkolbe. Forma gjer det mogleg å røra eller rista innhaldet ganske kraftig utan søl, derav namna rørekolbe og ristekolbe.

Kolbar med kork kan nyttast til å oppbevara løysningar.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Erlenmeyerkolbe
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.