Erling Fredriksfryd

norsk politikar

Erling Fredriksfryd {(7. februar 190517. januar 1977) var ein norsk skulemann og politikar frå Idd i Østfold. Han representerte partiet HøgreStortinget frå 1945 til 1965.

Erling Fredriksfryd

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. februar 1905
Idd
Død

17. januar 1977 (71 år)

Yrke politikar, lærar
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Erling Fredriksfryd på Commons

Bondeguten Fredriksfryd vart student i 1924 og tok eksamen ved lærarskule to år seinare. Han underviste så ved Horten folkeskole til 1933, samstundes med at han var journalist i avisa Gjengangeren frå 1926 til 1930. I 1933 fekk han seg lærarstilling i Halden og flytta dit.

Fredriksfryd vart i 1945 vald inn i bystyret i Halden og same hausten vald til å representere kjøpstadene i Østfold og Akershus fylke på Stortinget. Med fire påfølgjande attval vart han verande på Stortinget fram til 1965, frå 1954 vald inn frå valkrinsen Østfold. Høgre-representanten Fredriksfryd var den fyrste fireårsperioden, 1945-49, sekretær i Kyrkje- og skulekomiteen. Deretter var han i to periodar medlem i Militærkomiteen, før han i tida 1958-65 var formann i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Han var elles sekretær i Odelstinget tolv sesjonar, 1950-61.

Etter han gjekk ut av Stortinget hausten 1965 var Fredriksfryd skuledirektør i Østfold fram til 1975.

Kjelder endre