Ernst Happel Stadion
Ernst-Happel-Stadion (ⓘ) er landslagsarenaen til Austerrike sitt landslag i fotball, tidlegare kalla Praterstadion. Stadionet blei opna i 1931, og totalrenovert i 1986.
Ernst Happel Stadion | |||||
Kallenamn | Praterstadion | ||||
Adresse | Wien | ||||
Eigar | Wien | ||||
Drift | Wiener Stadthalle Betriebs- und Veranstaltungsgesellschaft m.b.H. | ||||
Brukarar | Landslaget til Austerrike FK Austria Wien Rapid Wien | ||||
Underlag | Naturgras | ||||
Kapasitet | 53 008 | ||||
Arkitekt | Otto Ernst Schweizer | ||||
Tidlegare namn | Praterstadion | ||||
Historiske årstal | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
I dag har stadionet ein tilskodarkapasitet på 50 000. Stadionet er oppkalla etter trenarlegenda Ernst Happel. I EM i fotball 2008 (Euro 2008) blei stadionet brukt i stor grad. Mellom anna blei det brukt til to kvartfinalar, ein semifinale og finalen.