Opna hovudmenyen

Ernst Werner von Siemens (13. desember 18166. desember 1892) var ein tysk vitskapsmann og industrialist, oppfinnaren av dynamoen, sporvogna og grunnleggjaren av Siemens AG. Han har òg gjeve namn til eininga siemens.

Werner von Siemens
Ernst Werner von Siemens.jpg
Fødd13. desember 1816
Lenthe
Død6. desember 1892
Berlin
NasjonalitetDet tyske keisardømet, Tyskland
Områdeelektrisk motstand
Yrkeentreprenør, militæringeniør, oppfinnar, ingeniør, politikar
Alma materKatharineum
BarnArnold von Siemens, Wilhelm von Siemens, Anna Zanders, Carl Friedrich von Siemens
MedlemDet prøyssiske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det russiske vitskapsakademiet

Werner Siemens var fødd i Lenthe, nær Hannover i Tyskland. Han var det fjerde av fjorten barn. I 1847 grunnla han saman med Johann Georg Halske Telegraphenanstalt von Siemens & Halske AG, det som seinare skulle bli Siemens AG. I 1866 oppdaga han prinsippet bak dynamoen.

Ernst von Siemens på tysk frimerke

I 1879 bygde han den fyrste elektriske jernbana, og i 1881 den fyrste sporvegen. I 1888 vart han adla av keisar Fredrik III av Tyskland. Han døydde i Berlin.