Ein (eller ei) jarnbane eller jernbane (opphavleg ei omsetjing frå tysk Eisenbahn), på nynorsk òg kalla jarnveg, er ein køyreveg for jarnbanetog. Nemninga jarnbane vert òg nytta om heile systemet med køyrevegar, stasjonar, jarnbanetog og alt anna som høyrer med.

Jarnbaneskjener og betongsviller på pukkstein.
Ein sporvekslar, òg kalla pens, som er motordriven og kan fjernstyrast.
Drivhjula frå eit damplokomotiv. Hjul på tog er utforma med ein flens på innsida som syter for at hjulet held seg på skjenene.
Litt av godstogstasjonen (skiftestasjonen) på Alnabru i Oslo, sett frå lufta. Vognene i godstoga vert her kopla frå kvarandre og sorterte etter destinasjonar i kvar sine spor for å setjast saman til nye tog til dei aktuelle destinasjonane. Her er dessutan spor for overføring av gods mellom tog og bil, og store lagerhus.
Tog på jarnbanebru i Argentina.

Køyrevegen, skjenegangen eller sporet, er sett saman av to langsgåande skjener av stål som er festa med naglar eller klemmar til sviller av impregnert tre eller spennbetong som ligg med stutte mellomrom på tvers under skjenene. På denne måten vert skjenene både halde fast i den rette fråstanden frå kvarandre og hindra i å røre seg i lengderetninga, slik at toga sine smale stålhjul med flens på innsida kan halde seg på skjenene sjølv i høg fart. Svillene ligg i grus eller pukk som er samanpakka rundt dei. På nyare jarnbanar for særs høg fart kan skjenene vere festa til ei kontinuerleg betongsole ved hjelp av særlege innretningar som dempar lydar og skakingar frå toga, slik det til dømes er gjort på jarnbanen mellom Frankfurt am Main og Köln i Tyskland.

Til jarnbanen høyrer òg sporvekslarar eller pensar (som er innretningar som gjer det mogleg å køyre toget over frå eit spor til eit anna), automatiske eller manuelle signalsystem for å varsle lokomotivførarar om det er klår bane eller ikkje, diverse elektroniske tryggings- og kommunikasjonssystem osb. På moderne banar vert signala, pensar og andre innretningar fjernstyrte frå sentralar som har oversyn over kvar på lina dei einskilde toga er til kvar tid. Elles høyrer med til jarnbanen det som er naudsynt for å skaffe energi til drifta av toga, anten kontaktleidningar til å forsyne til toga med elektrisk straum, eller innretningar som trengst for å skaffe fram dieselolje, eventuelt kol og vatn der det framleis finst damplokomotiv.

Fråstanden mellom dei to skjenene, sporvidda, er normalt 1 435 mm (4'8,5"), men kan vere ulik frå land til land. Til dømes har Russland og Finland større sporvidd enn den normalvidda som elles er vanleg i Europa. Ved internasjonal jarnbanetrafikk vil ulike sporvidder gje ulemper og auka kostnader ved at gods må lastast om, eventuelt òg at passasjerar må skifte tog, då lokomotiv og vogner er bygde for sporvidda på det banenettet kvar dei vanlegvis vert nytta. For somme internasjonale samband er det utvikla vogner som kan flytte hjula i hjulpara ut og inn for å kunne nyttast på banar med ulike sporvidder.

Ei anna hindring for internasjonal jarnbanetransport kan vere ulike reglar i landa for kor høge og breie toga kan vere for ikkje å støyte mot bruer, tunnelveggar, perrongar på stasjonane eller møtande tog.

Noreg endre

Vedlikehaldet og drifta av jarnbanane i Noreg ligg under Jernbaneverket — som står som eigar av spora, stasjonane, signalsystema, togleiarsentralane osb. Eigedomsretten til jarnbanetoga og driften av dei ligg i all hovudsak under NSB når det gjeld persontransporten, men under fleire ulike operatørar når det gjeld godstransporten.

Viktige jarnbaneliner i Noreg er:

Sideliner endre

Nedlagde liner endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jarnbane