Erot (gresk, frå eros) er ei framstilling av ein kjærleiksgud frå gresk mytologi, tilsvarande amorin eller cupido i romersk mytologi. I seingresk og romersk kunst er erotar framstilte som gudar i barneskikkelse, med venger og med pil og boge som dei vanlegaste attributtane.

Amorinene har lagt sine piler og buer fra seg (i nedre billedkant) på Francesco Albanis «Danza degli amorini» (ca. 1620-1630; Pinacoteca di Brera, Milano).

Dei opptrer ofte i lag med kjærleiksgudinna, Afrodite/Venus. Det finst veggmåleri i Pompeii av Venus med eit følgje av erotar.

Dei kunne også opptre på eiga hand, til dømes i samband med bryllaup:

Erotar, nereide og hippocampus i bryllaupet mellom Poseidon og Amfitrite i ein relieffrise frå siste halvdel av 100-talet f.Kr. (Glyptotheket i München).

I biletkunst frå renessansen og seinare fortsette ein tradisjonen med figurar av små barn med venger, såkalla puttoar eller geniar.[1]

Kjelder endre

  1. «Eroter». Store norske leksikon. 20. april 2018.