Eske Bille

Eske Bille (fødd ca. 1480 i Danmark, død 11. februar 1552 i København) var ein dansk adelsmann. Han var lensherre på Bergenhus frå 1528 til 1534. Bille var dermed lensherre i Bergen under konflikten mellom kong Christian II og kong Fredrik I. Han var lojal mot Fredrik I då Kristian II freista å gjenerobra kongerika sine. I samband med krigen, og frykta for at Kristian II skulle freista eit åtak på Bergen, reiv Eske Bille fleire kyrkjer i og ved den gamle kongsgarden på Holmen, inkludert den gamle domkyrkja i Bergen i 1531. For dette gav ettertida han tilnamnet kyrkjebrytaren.

Eske Bille
Fødd1480
Død11. februar 1552
København
TittelLensherre på Bergenhus
FøregangarVincents Lunge
EtterfylgjarThore Ruth
LandDanmark
MorAnne Knudsdatter af Restrup
FarPeder Torbensen Billde, lord of Svanholm & Kaersgaard
BarnAnne Esgesdatter Bille

Han gifta seg med Sofie Krummedike, ca. 1517.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.