Esla
elv i Spania
Esla er ei elv i Spania og den største sideelva til Douro. Ho spring ut i Dei kantabriske fjella om lag 1500 meter over havet. Ho er om lag 285 km lang og fører om lag 303 m³/s vatn. Elva har eit nedslagsfelt som dekkjer 16 163 km², når ho munnar ut i Douro fører ho meir vatn enn denne elva gjer.
Esla | |||
elv | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 16 163 km² | ||
Lengd | 285 km | ||
Middelvassføring | 303 m³/s | ||
Kjelde | |||
• høgd | 1 500 moh. | ||
Munning | Douro | ||
Esla 41°28′31″N 6°03′36″W / 41.475288888889°N 6.0599138888889°W | |||
Wikimedia Commons: Esla River |
Romarane kalla elva Asturo.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Esla» frå Wikipedia på spansk, den 10. mai 2009.