Opna hovudmenyen

Espe er ei grend på austsida av Sørfjorden i Ullensvang herad i Hordaland. Her var tidlegare eit senter for krinsen med post, butikk, skule og grendehus.

Espe
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Ullensvang
Postnummer 5773 HOVLAND
Preposisjon Espe

Hardingslepa, ein del av Nordmannsslepa, hadde utgangspunktet sitt frå Espe heilt til Haukelivegen vart opna og hestehandelen vart avslutta.

Skriveforma for Espe har endra seg mykje. I 1340 var skrivemåten Æspin, i 1536 var skriveforma Espen, og Espen var vanleg skriveform til matrikkelen i 1880 slo fast skriveforma Espe. Namnet kjem frå tresorten Osp og «vin», som tyder grasmark, eng.

Espe er, som mange grender i Ullensvang, ei fruktgrend. Espe Fruktlager ligg enno på staden, men sentralisering har gjort at fruktlageret er nedlagt, og frukta frå dette området vert no sendt til Ullensvang Fruktlager på Lofthus.

Ungane frå Espe går på barneskule på Sekse Oppvekstsenter, og reiser til Kinsarvik Skule for å gå på ungdomsskule.

KjelderEndra

Artikkelen byggjer på artikkelen om Espe frå wikipedia på bokmål.