Estelle Nze Minko

Estelle Nze Minko (fødd 11. august 1991) er ein fransk handballspelar som vart verdsmeister med Frankrike sitt landslag i 2017 og 2023, europameister i 2018 og olympisk meister i 2021.[1][2][3]

Estelle Nze Minko


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 11. august 1991 (32 år)
Saint-Sébastien-sur-Loire
Idrett handball
Tok del i

Håndball under Sommer-OL 2016, Handball-VM 2017 for kvinner, Handball-EM 2016 for kvinner, Handball-EM 2014 for kvinner, Ungdoms-VM i håndball for kvinner, Q1274881, Q22247886, Q16024570, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Utmerkingar

ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Ridder av Æreslegionen

Karriere

endre

Landslagsspel

endre

Nze Minko debuterte for det franske landslaget 24. oktober 2013. Ho har sidan 2014 delteke i elleve internasjonale meisterskaps-turneringar i rad. Sommaren 2016 var ho med på å vinne OL-sølv i Rio de Janeiro, i desember same året vann ho bronse under europameisterskapen i Sverige. Året etter var Nze Minko med då Frankrike vann over Noreg i finalen i Handball-VM 2017, sameleis då Frankrike vann over Romania i EM-finalen 2018 på fransk heimegrunn. Med 38 nettkjenningar var ho lagets flittigaste målskårar i turneringa. I desember 2020 vart ho kåra til den beste spelaren i EM-turneringa i Danmark, trass i at Frankrike tapte finalen mot Noreg.[4] Sommaren 2021 vann ho i Tokyo olympisk gullmedalje for Frankrike då Russland vart slått med fem mål. Derimot enda VM-finalen 2021 mot Noreg med fransk kollaps og sjumålstap. I den neste VM-finalen, i danske Herning i 2023, revansjerte Nze Minko og dei franske kvinnene seg med å slå Noreg 31–28. Ho blei tatt ut på all-starlaget som beste venstre bakspelar i verdsmeisterskapen.[5]

Klubbspel

endre

Frå 2009 til -16 spelte Nze Minko for fem ulike lag i heimlandet. Sommaren 2016 skreiv ho kontrakt med det ungarske topplaget Siófok KC. Med Siófok vann ho EHF-cupvinnarcupen 2019. Ho flytta straks etter over til rivalen Győri ETO. Med Győri ETO vann ho den ungarske cupen i 2021 og den ungarske seriemeisterskapen i 2022 og 2023.

Merittar

endre
  • OL-gull: 2021 med Frankrike
  • VM-gull: 2017 og 2023 med Frankrike
  • EM-gull: 2018 med Frankrike
  • OL-sølv: 2016 med Frankrike
  • VM-sølv: 2021 med Frankrike
  • EM-sølv: 2020 med Frankrike
  • EM-bronse: 2016 med Frankrike
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 2019 med Siofok
  • Ungarsk seriemeister: 2022, 2023 med Győri ETO
  • Ungarsk cupmeister: 2021 med Győri ETO

Kjelder

endre
  1. «Profile». eurohandball.com. Henta 7. desember 2014. 
  2. «2014 European Championship Roster» (PDF). EHF. Henta 7. desember 2014. 
  3. Estelle Nze Minko. nbcolympics.com
  4. «EHF EURO 2020 All-star Team unveiled». EHF. 20. desember 2020. Arkivert frå originalen 20. desember 2020. Henta 20. desember 2020. 
  5. «2023 IHF Women's World Championship: All-Star Team Revealed.». IHF (på engelsk). 17. desember 2023. 

Bakgrunnstoff

endre