Győri ETO
Győri Egyetértés Torna Osztály Kézilabda Club er ein handballklubb heimehøyrande i Győr i Ungarn. Klubben vart skipa i 1948 og har dominert den nasjonale handballen på kvinnesida sidan 2004. Győri ETO gjekk til topps i meisterligaen i 2013, 2014, 2017, 2018 og 2019. Laget nådde finalen også i 2009, 2012, 2016 og 2022.
Sidan 2010 har ei rad norske toppspelarar gjort teneste i Győri ETO. Katrine Lunde var den fyrste, sidan kom Heidi Løke, Kari Aalvik, Linn Sulland, Ida Alstad, Nora Mørk, Stine Oftedal, Veronica Kristiansen, Kari Brattset, Amanda Kurtović og Silje Solberg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Győri Audi ETO KC» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2022.