Ethernet
Ethernet er den vanlegaste typen lokalnett (LAN) og er spesifisert i standarden IEEE 802.3. Ethernet vart opphavleg utvikla av Xerox, seinare av Xerox, DEC og Intel. Ethernet nytta i starten koaksialkabel, men ein gjekk så over til tvinna parkabel. Teknologien hadde opphavleg ein overføringskapasitet på 10 Mbps, men i dag er 100 Mbps og 1 Gbps vanleg. Det finst òg Ethernet med ein kapasitet på 10 Gbps.
Ethernet har fått namnet sitt etter eteren, ein substans ein tidlegare trudde fylte heile verdsrommet og tillét lys og radiobylgjer å breie seg, på same måten som lyd i luft. Namnet speler på kabling som eit passivt medium som tillèt overføring av data utover heile nettet.