Opna hovudmenyen
Tvinna parkabel.

Ein tvinna parkabel eller TP-kabel er ein signalkabel sett saman av to leiarpar som er tvinne kring kvarandre. Dette vert gjort for at støyspenning som vert indusert skal verta så lik som mogeleg i begge leiarane. Ei slik fellesmodespenning kan kansellerast i mottakaren, under føresetnad av at det er ein differensialforsterkar og at sendaren nyttar ein balanser drivar med same kjeldeimpedans i positiv og negativ utgang. Dette vert kalla balanset overføring.

Balansert overføring med tvinne parkablar blir mellom anna nytta for Ethernet, USB, for overføring av analog og digital lyd (AES3), innan telefoni og så vidare.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.