Ethlinn, Eithne eller Ethnea er i den irske gudekrinsen mor til guden Lug. Ho var dotter av fomorkongen Balor, som sette ho inn i eit høgt tårn for å hindre at ho skulle føde ein son.[1] Det var slik spådd at ein son- eller dotterson til han ville drepa bestefar sin.

Cian, ein av tre brør, sneik seg inn i tårnet kledd ut som kvinne, og ho fødde tre søner etter møtet med han.[2] Balor baud at desse tre sønene skulle druknast medan dei framleis var små, men ein av dei tre gutane kom levande frå det og vart oppfostra hjå faren Cian. Dette barnet var Lug.[2]

Ifølgje Fianna-syklusen var ho seinare gift med Nuada og fekk born med han.[2] Gjennom denne avstamminga er Ethlinn rekna som bestemor til Cú Chulainn og stammor til Finn Mac Cumhail.

Sjølve soga om tårnet og spådomen minner i mangt om den greske forteljinga om Danae, mor av helten Perseus, som vart fødd etter at Zevs sneik seg inn i eit tilsvarande tårn.

Kjelder endre

  1. Leeming, David (2005). «Balor». The Oxford Companion to World Mythology (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-515669-0. doi:10.1093/acref/9780195156690.001.0001/acref-9780195156690-e-203. 
  2. 2,0 2,1 2,2 MacKillop, James (2004). «Eithne» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-860967-4. doi:10.1093/acref/9780198609674.001.0001/acref-9780198609674-e-1815#.