Nuada
Nuada Airgetlám (Nuada med sølvhanda), var konge over Tuatha dé Danann i den keltiske gudelæra. Han svarar til den gamalkeltiske guden Nodens eller den kymriske guden Nudd eller Lludd Llaw Eraint.
Nuada rådde for danafolket i sju år før dei kom til Irland. Han mista armen sin under det første slaget ved Magh Tuireadh, i tvikamp med Sreng. Sreng vart nedkjempa av bandsmannen til Nuada, Aengaba av Noreg. I mellomtida vart Nuada vard av Dagda. Femti av hærfolka til Dagda bar Nuada frå slagvollen. Sreng baud at Nuada skulle slost med han i tvekamp att, men nekta å slost med ei hand bunden på ryggen, slik Nuada kravde. I staden fekk han fylket Connacht som vederlag.
Etter at han mista armen sin, var ikkje Nuada skikka til å rå for Danafolket. Han vart skift ut med Bres, som var halvt fomor, og gift med Brigit. Medan Bres rådde, kravde fomorane skatt av Tuatha dè, og danafolket vart misnøgde med vanstyret hans Bres. I mellomtida hadde Nuada fått ei sølvarm av smeden Creidne som vart sett på av lækjaren Dian Cecht. Sonen til Dian, Miach, gav han seinare ny arm og hand av kjøt og blod. Då dette vart ordna, vart Bres avsett, og Nuada rådde att i tjue år.
Då freista Bres å ta att kongeveldet med makt, og bad Balor om hjelp. Slik byrja krigen mellom Tuatha dé Danann og fomorane. Dette vart ikkje løyst før Lugh synte seg. Nuada veik plassen for Lugh, og vart seinare drepen og halshoggen av Balor, i det andre slaget ved Magh Tuireadh.
Danafolket tok vare på sverdet hans Nuada, som alltid råka når det var drege av slira.
Mytologiske parallellarEndra
Den gamalkeltiske Nodens vart ofte samanlikna med guden Mars. Elles er Nuada skyldt med Lludd Llaw Eraint, eller Lludd med sølvhanda, som er hugsa i Wales. Motivet med den avhogne handa minner og om den norrøne guden Ty.
NamnetydingEndra
Namnet Nuada er halden saman med ei keltisk rot, *noudont- som er knytt til det gamalgermanske verbet njota (J.R.R. Tolkien). Nodens var kjend for den hage handa si, og namnet kan hengje saman med ei gagnleg hand, nytta til jakt.
KjelderEndra
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |