Etikette er reglar for skikk og bruk i visse samanhengar, særleg i øvre lag av samfunnet, som hoff, i selskapsliv og seremoniar. Dei kan omfatta korleis ein skal kle og te seg, oppførsel ved måltid, korleis ein skal helsa og tala, kva ein kan uttrykka og korleis. I utgangspunktet er etikette ofte eit sett uskrivne reglar, sjølv om desse kan samlast og skrivast ned. Slike reglar dannar dermed ei skjult sperre mellom dei som kan og dei som ikkje kan reglane.

The Reception (1792) av James Gillray viser til den britiske ambassadøren sin manglande etikette då han berre knelte og ikkje bøygde seg heilt for den kinesiske keisaren. Møtet førte til at det britiske følgjet blei bede om å forlata Beijing.

Tid, stad og rang påverkar etiketten, som kan variera mykje. Møte mellom etiketteforventingar frå ulike kulturar kan lett skapa forvirring eller forulemping. Å følgja rett etikette i internasjonalt diplomati er dermed svært viktig.

Ordsoge endre

Ordet «etikette» kjem frå fransk og er danna som eit diminutiv av lågtysk sticke ('stikke, stift'). Det er i slekt med ordet «etikett» og engelsk «ticket», 'billett'.

Kjelder endre

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.