Hoff er den utvida hushaldninga og omgangskrinsen til ein regent. Det omfattar familiemedlemmer, tilsette og den næraste omgangskrinsen til regenten. I meir avgrensa tyding viser det til dei høgaste personlege funksjonærane til ein regent. I monarki der mykje makt ligg hjå regenten, vil også mange stillingar ved hoffet vera mektige. I tillegg til å vera politiske sentrum har hoff også vore pådrivarar for kunst, kultur og mote.

Kong Alfonso X av Castilla ved hoffet sitt.

Adel knytt til eit hoff kan kallast hoffadel, til forskjell frå landadel. Elles kan medlemmer ved hoffet omtalast som hoffolk (eller hoff-folk), hoffdamer og hoffmenn. Nokre vanlege stillingar ved hoff er kammerherre, hoffmarskalk, hoffdiktar, hoffjegermeister og hoffnarr.

Ved hoff forventer ein gjerne ein viss etikette og klesdrakt, ved nokre høve fastsett som hoffdrakt.

Bakgrunnsstoff endre

  • Hoffet i det norske kongehuset i dag
  • Hoff i Store Norske Leksikon

Kjelder endre

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.