Europa i gresk mytologi

gresk mytologisk kvinneskikkelse
(Omdirigert frå Europa i mytologi)

Europa er ei kvinne i gresk mytologi som er best kjend for å ha blitt bortført ridande på Zevs i kvit okseham. Ho er opphavet til namnet på verdsdelen Europa. Europa blei tilbedd på Kreta under namnet Hellotis, og feira under høgtida hellotia.

Gresk terrakottaskulptur av Europa på oksen frå 500-talet f.Kr.

I mytene er Europa ei høgtståande fønikisk kvinne av ulike opphav - ofte er far hennar kong Agenor av Tyr, i andre er far hennar Phoenix, son av Agenor. Ho var særs vakker, og guden Zevs fall for henne. Etter å ha lurt henne til seg i form av ein kvit okse, førte han henne vekk frå heimstaden til Kreta. Her fekk dei to eller tre søner saman: Minos, Rhadamanthys og i nokre variantar også Sarpedon. Europa blei seinare gift med Asterius, kongen av Kreta, som tok til seg sønene hennar.

Kjelder endre

  • «Europa» (2014), Encyclopædia Britannica. Vitja 10. desember 2014.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Europa i gresk mytologi
  Denne religionsartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.