Europameisterskapen på skeiser 1980/Menn

Europameisterskapen på skeiser 1980 for menn vart avvikla på Leangen stadion i Trondheim laurdag 19. og sundag 20. januar 1980. 25 utøvarar frå 11 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Fire løparar frå Sovjetunionen var også påmeldt meisterskapen, men vart influensasjuke. Ettersom reservar ikkje var påmelde før fristen, gjekk løpa utan sovjetiske deltakarar.

Henning Kaarud, Tom Erik Oxholm, Kay Stenshjemmet og Jan Egil Storholt representerte Noreg. Deltakarane elles kom frå Aust-Tyskland, Finland, Italia, Nederland, Polen, Romania, Spania, Storbritannia, Sverige, Vest-Tyskland.

Norske Kay Stenshjemmet vart europameister framom tittelforsvarar Jan Egil Storholt, på tredjeplass kom Tom Erik Oxholm, dermed vart sigerspallen heilnorsk. Stenshjemmet vann 500 meter og Storholt 1500 m, medan Oxholm toppa resultatlista etter både 5 000 m og 10 000 m.

Skeise-EM 1980Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Kay Stenshjemmet   Noreg 166,124
  Jan Egil Storholt   Noreg 166,971
  Tom Erik Oxholm   Noreg 166,982
4 Tomas Gustafson   Sverige 167,385
5 Hilbert van der Duim   Nederland 169,129
6 Henning Kaarud   Noreg 169,235
7 Yep Kramer   Nederland 169,871
8 Ulf Ekstrand   Sverige 169,934
9 Andreas Dietel   Aust-Tyskland 170,137
10 Andreas Ehrig   Aust-Tyskland 170,212

Dato: 19./20. januar

KjelderEndra