European Extremely Large Telescope

European Extremely Large Telescope (E-ELT) er eit jordbasert astronomisk teleskop under bygging på Cerro Armazones i Chile for Det europeiske sørobservatoriet (ESO). Det vil ha ein hovudspegel på 39 meter sett saman av 798 sekskanta delspeglar på 1,4 meter, og ein andrespegel på 4 meter. Det vil liggja på ei høgd på 3 060 meter over havet og vil etter planen kunna gjera dei fyrste observasjonane i 2024.

Illustrasjon av E-ELT

Mellom måla til teleskopet er å ta dei fyrste bileta av jordlike planetar i det levelege området kring andre stjerner.

Kjelder

endre