European Geostationary Navigation Overlay System

European Geostationary Navigation Overlay System eller EGNOS er ein teknologi utvikla av Den europeiske romfartsorganisasjonen.[1] Teknologien forbetrar grannsemda i GPS- og GLONASS-mottakarar. Tre geostasjonære satellittar (i motsetnad til navigasjonssatellittane) utgjer systemet og eit nettverk av bakkestasjonar som mæler avvik i navigasjonssignala på grunn av atmosfæriske og andre tilhøve. EGNOS gjev ei posisjonsgrannsemd på rundt 2 meter.

Nokre produsentar av GPS-mottakarar kallar EGNOS, WAAS og MSAS for Satellite Differensiell GPS (SDGPS).

Systemet skulle ha vore operativt i juni 2005, men vart først erklært operativt 1. oktober 2009.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «What is EGNOS?». www.esa.int (på engelsk). Henta 14. desember 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre