Den europeiske romfartsorganisasjonen

«ESA» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå ESA (fleirtyding).

Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) er ein europeisk romfartsorganisasjon grunnlagd 31. mars 1975.[2] Formålet med organisasjonen er eit fredeleg samarbeid om å utnytte verdsrommet til forsking og næring. Organisasjonen har 22 medlemsland i tillegg til to assosierte medlem (Slovenia og Latvia). Canada er med i ein del av samarbeidet.[3] Organisasjonen har hovudkvarter i Paris i Frankrike. Operasjonssenteret, ESOC, ligg i Darmstadt i Tyskland.

ESA


ESA Headquarters in Paris, France Sjå dette på Wikidata
BransjeForsking og utvikling
Skipa30. mai 1975
HovudkontorParis[1]
LandFrankrike
Grunnleggjar(ar)Belgia, Danmark, Frankrike, Vest-Tyskland, Italia, Nederland, Spania, Sverige, Storbritannia, Sveits
Nettstadhttps://www.esa.int
██ ESA-medlemer██ ECS-medlemer██ har signert samarbeidsavtale med ESA

Per februar 2005 hadde ESA 1907 tilsette. Budsjettet for 2013 var på omtrent 4282 millionar euro,[4] ein auke frå 2904 millionar euro i 2006. Inntektene til ESA kjem ifrå medlemslanda og står i forhold til kvart land sitt BNP. I tillegg køyrer ESA ei rekkje valfrie program som medlemsland kan velja om dei vil delta på.[5]

Medlemsland endre

Kjelder endre

  1. https://www.esa.int/Space_in_Member_States/France/L_ESA_faits_et_chiffres; vitjingsdato: 29. juli 2021; sitat: Le siège de l'ESA se trouve à Paris et c'est donc à Paris que se décident ses politiques et ses programmes..
  2. ESA feirar trettiårsjubileum - offisiell pressemelding
  3. http://www.esa.int/About_Us/Welcome_to_ESA/New_Member_States
  4. http://www.esa.int/About_Us/Welcome_to_ESA/Funding
  5. Om ESA - frå den offisielle heimesida, arkivert frå originalen 26. november 2012, henta 23. mai 2008 

Bakgrunnsstoff endre